Enkle grep til ein betre livsstil

nh2510[Denne artikkelen vart publisert av FørdeBy.no 11. mars 2014]

Til tross for auka samfunnsfokus på helse, får fleire og fleire livsstilsjukdommar. Ein stillesittande og stressande kvardag med dårlege matval resulterer fort i overvekt, muskel og skjelettplager. Samtidig florerer det av nye og revolusjonerande diettar og treningstrendar i media, som skal vere det store svaret på ein flottare og meir fungerande kropp. Dessverre opplever dei fleste at resultata uteblir, og at ein faller tilbake i dei gamle rutinene.

Så kva skal til for å skape resultat?