Hanne Lien – Ernæringsrådgjevar med bachelor i ernæringsfysiologi

Som 15-åring fekk eg vondt i magen. Eg fekk utslett i ansiktet og følte meg slapp. Smertene kom etter kvart einaste måltid, og eg forstod etter mange testar utan funn at eg måtte gjere noko med kosthaldet mitt. Eg kunne ikkje lenger ete det eg åt før, og omstillinga medførte mykje prøving og feiling. Men med auka kunnskap kom auka interesse, og dette er hovudgrunnen til at eg seinare valde ernæring som studieretning og yrke. Eg fann mi løysing. Eg vart kvitt smertene og utsletta, og fekk energien tilbake.

Erfaringsmessig er det mange som slit med vanskar liknande dei eg hadde. Fordøyingsproblem og intoleransar er hyppige plager i dagens samfunn. På bakgrunn av eigne erfaringar og djupare forståing for faget, har eg eit stort ynskje om å hjelpe andre til å oppleve dei positive følgjene ei kosthaldsendring kan ha.

For meg er det viktig å føle eit overskot av energi i kvardagen. På grunn av dette fokuserer eg på styrketrening og fjellturar som treningsform. Styrketrening byggjer ein sterkare kropp, medan fjellet gir meg naturopplevingar og kondisjon. Vegen mot ei vellukka livsstilsendring startar med ein kombinasjon av aktivitetar og mat ein likar. Derfrå er det ofte berre små steg som skal til for å oppnå vektreduksjon eller muskelvekst. Mitt mål er at vi skal finne di oppskrift.

Utdanning

  • Idrett grunnfag – Høgskulen i Sogn og Fjordane
  • Bachelorgrad i Ernæring – Atlantis Medisinske Høgskole
  • Kurs i maksimal feittforbrenning – Akademiet for Personlig Trening

Erfaring

  • Ernæringsfysiolog ved Lien Helse og Spenst Førde sidan 2013