Enkle grep til ein betre livsstil

Posted

in

,

by

Til tross for auka samfunnsfokus på helse, får fleire og fleire livsstilsjukdommar. Ein stillesittande og stressande kvardag med dårlege matval resulterer fort i overvekt, muskel og skjelettplager. Samtidig florerer det av nye og revolusjonerande diettar og treningstrendar i media, som skal vere det store svaret på ein flottare og meir fungerande kropp. Dessverre opplever dei fleste at resultata uteblir, og at ein faller tilbake i dei gamle rutinene.

Så kva skal til for å skape resultat?

Diettar ein les om i media er ikkje tilrettelagt etter individuelle behov, og endringane er ofte ikkje tilpassa livsstil. Dette er nødvendige faktorar som skal til for å nå ynskja mål. Difor vil vi anbefale å gradvis endre livsstil, med små steg om gangen.

Nokre enkle grep for ein betre livsstil:
– Stress mindre
– Sov meir
– Et naturleg mat
– Et mindre sukker
– Kutt ut mat du ikkje toler
– Ver meir i aktivitet
– Ver meir ute i frisk luft
– Utfør tung aktivitet i form av styrketrening eller intervall eit par gongar i veka.

Ved mindre stress, søv ein betre, ein har betre tid til å planlegge sunnare måltid og til å vere i meir aktivitet. Dette vil også medføre mindre søtsug. Mange har dessverre intoleranse eller allergier mot ein eller fleire matvarer, spesielt melk og gluten. Ved å kutte ut desse kan det hjelpe til med å redusere stresshormon i kroppen. Auka stresshormon medfører lågare fettforbrenning, auka søtsug, og redusert søvn. Slike eksempel er det mange av, men hovudpoenget er at punkta heng saman og påverkar kvarandre.

Klare mål
Å endre livsstil vil ta tid, og det krev tolmodigheit, men til gjengjeld vil det vere enklare å få resultat. Sett deg deg mål som du ser på som inspirerande. Kartlegg noverande status, og planlegg kva som skal til for å nå målet ditt. Gjennom kartlegging vert det lettare å sjå kva grep akkurat du må ta.