[Denne artikkelen vart publisert av Førdeby.no 24. mars 2014]
Klokka er fire på ein måndag. Du er ferdig på jobb, magen skrik og du har lyst heim. Men – kva skal vi ha til middag?
Du svingar innom butikken i full hast, og anar ikkje kva som skal stå på menyen i dag.
Du finn ingen alternativ. Hovudet er ikkje med, og blodsukkeret er lågt. Du ser sjokoladen, den vil hjelpe deg til å overleve både handleturen og vegen heim. Ok, då blei det kjøttdeig og spaghetti i dag og.