Ingvild Lien – Personlig trener
Etter ei aktiv barne- og ungdomstid og mange år med fotball og volleyball, var det i starten av 20-åra at eg fekk opp auga for styrketrening. Interessa førte til at eg utdanna meg til personlig trener, og med ny fagleg forståing kom betre treningsresultat. Dårleg haldning og ubalanse i muskulatur gav meg i ein periode ryggproblem, men eg fekk etterkvart erfare at auka fokus på teknikk, riktig val av øvingar og fleksibilitetstrening var løysinga på problema. Denne positive og lærerike erfaringa har gjort meg svært motivert for å tilrettelegge og hjelpe andre med å trene riktig.
Då eg byrja med styrketrening var det heilt klart å forme kroppen min som var hovudmålet. Dei siste åra er det derimot prestasjon som har stått mest i fokus, og eg opplever at resultata no kjem mykje fortare enn før. Motivasjonen er også meir stabil, grunna jamnleg mestringskjensle og gleda rundt ny måloppnåing.
Dei siste åra har eg utvikla ulike matintoleransar, og har difor måtte legge om kosthaldet mitt. Plagene har forsvunne, og samstundes er eg overraska over kor positiv innverknad kosthaldsendringa har hatt på energinivå og humør.
Mitt ynskje som personlig trener er å hjelpe andre til å gjere seg dei samme positive erfaringane som eg sjølv har hatt rundt trening og kosthald. Personlege opplevingar, i tillegg til utdanning og kurs, har gitt meg eit godt grunnlag for individuell tilrettelegging av livsstilsendring, feittreduksjon og muskelvekst.
Utdanning
- Bachelorgrad i folkehelsearbeid – Høgskulen i Bergen
- Personlig trener – Norges Idrettshøgskole
- Poliquin International Certification Program – Nivå 1 og 2
- Funksjonell anatomi og fysiologi – Bjørknes Høyskole
- Kurs i maksimal feittforbrenning – Akademiet for Personlig Trening
- Kurs i hypertrofi – Akademiet for Personlig Trening
Erfaring
- Treningsrettleiar og personlig trener ved Spenst Førde sidan 2011
- Personlig trener ved Lien Helse sidan 2013