Ernæringskonsultasjon

Kva er ein ernæringskonsultasjon?

Ved første ernæringskonsultasjon kartlegg vi kunden sin noverande situasjon, og kva tiltak som er naudsynte for å betre eller endre vaner eller livsstil. Vi tek ein gjennomgang av ete- og drikkevaner, aktivitetsnivå og rutiner i kvardagen. Føremålet er bevisstgjering av kunden, og tilpassing av kosthald etter kunden sine mål. Dette kan være i form av enkle tips og råd, eller ein detaljert kosthaldsplan.

Ved ein oppfølgingskonsultasjon vurderer vi framgang i forhold til mål og plan, kundens erfaringar sidan sist, og om det er eventuelle endringar som kan gjerast.

 

Kven kan dra nytte av ein konsultasjon?

Mange vel å oppsøke ernæringsfysiolog for hjelp til å gjennomføre ei livsstilsendring. Oppsummmert passar ein ernæringskonsultasjon for deg som ynskjer

  • Vektreduksjon eller -oppgang
  • Auka overskot og energi i kvardagen
  • Betre utbyte av trening
  • Sunnare alternativ til dine mat- og drikkevaner

Andre som kan dra nytte av ein konsultasjon er personar med sjukdom eller helsetilstand som krev spesialtilpassa kosthald. Det anbefalast at du samtalar med ernæringsfysiolog om kosthaldet ditt dersom du har t.d.

  • Diabetes
  • Irritabel tarm
  • Fibromyalgi, Crohns eller anna autoimmun sjukdom
  • Graviditet / amming

 

Vil du vite meir – eller bestille konsultasjon?

Dersom du har spørsmål om ernæringsrådgjeving, håpar vi du tek kontakt for ein kostnadsfri og uforpliktande samtale.