Kva er personlig trening?

Personlig trening er ein veksande og populær treningform, der ein gjennom treningsøkta får individuell oppfølging av ein personlig trener (PT). Ein PT gjev deg kyndig rettleiing og korreksjon under treninga, og kan følgje deg opp over lengre tid for å sørge for framgang.

Ein personlig trener kan:

  • Hjelpe deg å definere konkrete og realistiske målsettingar
  • Sette opp treningsprogram og treningsplan ut frå måla dine
  • Assistere deg i å utføre øvingane riktig, for å unngå skadar
  • Gi deg auka forståing for trening og korleis kroppen fungerer
  • Motivere deg til å yte det lille ekstra

Korleis føregår treninga?

Vi startar med ein samtale om din noverande situasjon. Kva er dine tankar og ambisjonar i forhold til trening? Kva ynskjer du å oppnå med treninga? Har du tidlegare treningserfaring? Har du eller har du hatt skader/sjukdommar som vi må ta hensyn til under treninga? Dette er noko av det vi kartlegg i starten. Vi kan også utføre kroppsanalyse, for å ta mål av utgangspunktet ditt.

Deretter set vi saman eit treningsprogram som er skreddarsydd for deg og dine målsettingar. Programmet tilpassar vi etter timeplanen din, og kor ofte du har høve til å trene. Du vel sjølv kor tett oppfølging du vil ha undervegs. PT vil være tilgjengeleg for å følge deg opp, halde oversikt over framgangen din, og være den ekstra motivatoren som hjelp deg med å yte ditt beste.

Jamnleg målar vi din noverande status opp mot målsettingane dine. Her tek vi vurdering om det skal gjerast eventuelle endringar.

Vil du vite meir – eller bestille time?

Dersom du har spørsmål om personlig trening, håpar vi du tek kontakt for ein kostnadsfri og uforpliktande samtale.