Planlegging er eit nøkkelord

Posted

in

by

[Denne artikkelen vart publisert av Førdeby.no 24. mars 2014] Klokka er fire på ein måndag. Du er ferdig på jobb, magen skrik og du har lyst heim. Men – kva skal vi ha til middag?

Du svingar innom butikken i full hast, og anar ikkje kva som skal stå på menyen i dag.

Du finn ingen alternativ. Hovudet er ikkje med, og blodsukkeret er lågt. Du ser sjokoladen, den vil hjelpe deg til å overleve både handleturen og vegen heim. Ok, då blei det kjøttdeig og spaghetti i dag og.

Når ein skal endre livsstil er kosthald den viktigaste biten og ofte den vanskeligaste. Her er det viktig å legge inn gode rutine, og ein av dei er god planlegging. Dette er alfa omega for eit betre kosthald.

Set deg ned søndagskveld, gjerne ilag med familien, og planlegg kommande veke. Lag ein middagsplan, ei handleliste og bestemm kva dagar du/de skal trene. Heng planen opp på kjøleskapet så den er synleg gjennom heile veka.

Middagsplanen bør innehalde både kvit og rød fisk, kvitt og rødt kjøtt. Fisk anbefalast to ganger i veka, og kva med ein vegetardag? Perfekt måte å få i seg endå meir grønsaker på.

Eksempel middagsplan:

Mandag: Kvit fisk, poteter + rå rågrønsaker.
Tirsdag: Ovnsbakt kylling, søtpotet og spinat.
Onsdag: Wok med svinestrimlar.
Torsdag: Ovnsbakt laks med woka grønsaker.
Fredag: Taco med karbonadedeig og mykje grønsaker.
Lørdag: Biff med ovnsbakt potet og grønsaker.
Søndag: Fiskegryte/suppe med kvit fisk.

Det å handle ein gong i veka er smart ved endring av kosthald – men òg svært økonomisk. Du sparer tid, og slepp unna mange fristelsar i løpet av ei veke.

Det er måndag igjen, planlegg veka di du óg.